Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ber om innspel frå pårørande til ny strategi

Regjeringa skal lage ein ny pårørandestrategi. Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug vil at alle pårørande skal kunne gje innspel til strategien, og har derfor oppretta ein digital postkasse.

Her kan du gje innspel.

- Eg har møtt mange pårørande med sterke historier. Fleire av dei slit seg heilt ut på ansvaret dei sit med eller på å kjempe mot det offentlege systemet. Mange blir sjuke sjølve. Når vi lagar denne strategien, skal vi ta utgangspunkt i kva erfaringar pårørande i Norge har gjort seg. Derfor har vi laga ein postkasse på nett, slik at alle enkelt kan sende inn sine bidrag dersom dei ynskjer det, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

Formålet med den nye strategien er å løfte fram pårørande sin rolle og situasjon, peike på utfordringar og gje ein retning for det vidare arbeidet.

Helse- og omsorgsdepartementet leiar og koordinerer arbeidet med pårørandestrategien i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet. Strategien skal etter planen leggast fram våren 2020.

 

Til toppen