Historisk arkiv

Betre butikk-tilbod i distrikts-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Nærbutikkar i distrikta er i gang med ei omfattande modernisering. I løpet av dei tre siste åra har distriktsbutikkane fått 125 millionar kroner til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.

- Daglegvarebutikkar er ein viktig del av kvardagen i distrikts-Noreg. Regjeringa er oppteken av at små butikkar vert rusta opp slik at dei kan gi eit endå betre tenestetilbod til lokalsamfunna sine. Det er eit mål å byggje opp under det sterke lokale engasjementet som butikkdrivarane og kundane viser rundt om i Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

222 nærbutikkar fekk 43 millionar kroner i statleg støtte til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg i fjor. Det er ny rekord for Merkur-programmet, som fordeler midlane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Merkur-programmet arbeider for at distriktsbutikkane skal vere lokale service-senter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, sal av drivstoff, turistinformasjon og liknande. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samtidig som folk på bygda får eit betre tilbod.

- Det er eit hovudmål i distriktspolitikken å styrke tilgangen på grunnleggjande tenester for folk. Merkur er eit viktig virkemiddel for å gjere kvardagen enklare for innbyggjarane, gjennom eit godt daglegvaretilbod, seier Sanner.

Eg ser at mange butikkdrivarar er viktige samfunnsentreprenørar i sine lokalsamfunn seier Jan Tore Sanner. Nærbutikkar fungerer som eit nav i lokalsamfunnet. Dei er viktige for å skape gode lokalsamfunn, vekst og verdiskaping over heile landet.

Merkur-programmet driv opplæring av nye kjøpmenn og aktiv bedriftsrådgjeving gjennom konsulentar over heile Noreg. Målet er at kjøpmannen skal utvikle butikken sin, i nært samspel med bygda.

Butikkar som deltek i Merkur-programmet, har større vekst i omsetnaden enn andre distriktsbutikkar, viser ein rapport frå Institutt for bransjeanalysar.

Tre fylke peikar seg ut når det gjeld stor investeringsvilje; det er Sogn og Fjordane, Hordaland og Nordland. Tilskota frå Merkur fordeler seg på 148 kommunar og 18 fylke.

Størsteparten av midlane går til opprusting av butikkane, i form av nye kjølediskar, frysarar og butikkdata. Nokre butikkar har behov for utviding eller oppussing av lokalet. Andre satsar på å byggje ut kaffikroken som ein møtestad for bygda. 26 butikkar fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2015.

Innvilga støtte gjennom Merkur-programmet 2015 (pdf)

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00