Historisk arkiv

Betre informasjonsutveksling skal styrkje samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram forslag om ei ny føresegn i personopplysingslova om utveksling av personopplysingar mellom offentlege organ for å motverka arbeidslivskriminalitet. Forslaget gir eit klarare og styrkt tilgjenge til informasjonsdeling mellom dei offentlege etatane som arbeider for å førebyggje og avdekkje kriminalitet i arbeidslivet.

– Lovforslaget styrkjer slagkrafta i samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet ytterlegare ved å klargjere og lette tilgjenget til å dele nødvendig informasjon, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP).

Les forslaget: Prop. 115 L (2017–2018) Endringer i personopplysningsloven (bekjempelse av arbeidslivskriminalitet)

Arbeidslivskriminalitet er ei samansett, gjerne organisert, form for kriminalitet som må motverkast gjennom ein samla og koordinert innsats frå ein rekkje offentlege etatar. Eit sentralt ledd i regjeringa sin innsats mot arbeidslivskriminalitet er å vidareutvikle og styrkje samarbeidet mellom dei offentlege etatane som deltek i dette arbeidet.

– Kamp mot arbeidslivskriminalitet er eit høgt prioritert satsingsområde for regjeringa. Useriøse aktørar som ikkje følgjer spelereglane, hindrar eit godt og seriøst arbeidsliv. Kriminalitet i arbeidslivet har alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar, verksemder og samfunnet, seier Wara.

Ein viktig faktor for å styrkje den felles innsatsen mot arbeidslivskriminalitet har vore etableringa av tverretatlege samlokaliserte a-krimsenter med medarbeidarar frå Arbeidstilsynet, NAV, politiet, Skatteetaten, kemneren og, i nokre tilfelle, Tolletaten. Det er òg etablert eit nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES). Senteret består av medarbeidarar frå politiet, Skatteetaten, Tolletaten, NAV og Arbeidstilsynet. For at samarbeidet på a-krimsentera og ved NTAES skal vere effektivt, må etatane ha tilgjenge til å dele relevant informasjon.