Historisk arkiv

Betre nettdekning skal gjere togtilbodet meir attraktivt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Betre mobildekning gir ei betre kundeoppleving. Tida om bord blir meir verdifull når du kan arbeide, strømme film eller berre surfe på nett. Norske tog AS er no i gang med å installere moderne mobilforsterkarar i nye tog som skal inn i trafikken på Austlandet og i Trøndelag dei komande åra. Dette skal bidra til å gjere togtilbodet meir attraktivt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Dale testa tidlegare denne veka nettdekninga i eit tog med nye mobilforsterkarar på Østfoldbanen. Foto: Samferdselsdepartementet. 

Regjeringa arbeider for at fleire reisande skal velje toget – ikkje minst i og mellom dei store byområda. Ny infrastruktur, betre vedlikehald og fleire avgangar er avgjerande faktorar som regjeringa prioriterer. Dei seinare åra har òg god nettdekning blitt viktig for dei reisande.

Betre datakapasitet for dei reisande
Kvar månad framover blir eit nytt tog med nye mobilforsterkarat frå Norske tog sette i trafikk. I alt er det snakk om 43 Flirt-togsett. Dei fleste skal inn i trafikken på Austlandet, medan 14 skal gå i Trøndelag frå 2021 og utover. Det nye utstyret gir ein meir stabil datakapasitet for dei reisande, særleg i område med svake signal

Norske tog skal òg installere mobilforsterkarar i andre togtypar, mellom anna på dag- og nattog på Bergensbanen, Sørlandsbanen og Dovrebanen.

Det nye utstyret som blir installert, er godt tilpassa for oppgraderingar, slik at det raskt kan bli oppgradert til neste versjon.

Alle gode ting er tre
God og stabil mobildekning om bord i toga krev for øvrig meir enn moderne mottaksutstyr i kupeane. Mobiloperatørane må sørgje for god mobildekning utanfor toga, medan Bane NOR har ansvaret for signala i jernbanetunnelane.

For fleire opplysningar – sjå: