Historisk arkiv

Ny melding til Stortinget:

Betre overgang frå barnehage til skole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ha meir læring og betre arbeid med språk i barnehagen, for å sikre barn ein god start på skolen. Fredag 11. mars legg han fram konkrete tiltak i ny melding til Stortinget om barnehagar.

I dag går dei fleste barn i barnehage, men mange barn byrjar i skolen utan å kunne norsk godt nok. Kunnskapsministeren har allereie varsla at han vil ha krav om kompetanse i norsk for dei tilsette. Ei undersøking viser at minoritetsspråklege tilsette ikkje kan nok norsk til å kommunisere godt med foreldre, barn og tilsette.

Fredag legg han fram fleire konkrete tiltak frå meldinga «Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen», om korleis barn kan få ein betre overgang frå barnehage til skole.

Vi set pris på om journalistar som ønskjer å kome tar kontakt med senior kommunikasjonsrådgjevar Hong Pham.

Når: Fredag 11. mars klokka 12.00 – 13.00

Kor: Skillebekk barnehage, Drammensveien 33, Oslo