Historisk arkiv

Betre overvaking av luftrommet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Regjeringa vil erstatta gamle radarar med ein ny løysing som er betre tilpassa framtidige behov. Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag åtte milliardar kroner.

- Militær luftromsovervaking er, saman med luftvern og kampfly, vesentleg for å oppnå kontroll i luftrommet og ein føresetnad for å sikre fridom for eigne og allierte land-, sjø- og luftstyrkar sine operasjonar. Difor har regjeringa bede Stortinget om å få godkjenning til å starta dette prosjektet som både omfattar materiell og eigedom, bygg og anlegg, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Den militære luftromsovervakinga inngår som ein del av NATO si strategiske luftovervaking.

Løysinga vil innebere at det blir anskaffa åtte nye radarar slik at det blir til saman fem radarar i nord, tre midt i landet og tre i sør. To av dei nye radarane vil vere flyttbare. Dei kan nyttast for å forsterke overvakinga på stadar der det er naudsynt.

Dei tre radarstasjonane som i dag har Sindre II-radarsystem skal vidareførast utan anskaffing i dette prosjektet. Desse radarane vil vere modne for utskifting etter at dette prosjektet er ferdig. Det vil difor bli forhandla inn ein opsjon som kan utløysast  viss ein om nokre år finn det formålstenleg å erstatte Sindre II-radarane med same type radarar.

Dei åtte eksisterande radarstasjonane som blir erstatta, vil bli lagde ned og avhenda, så snart nye radarstasjonar er operative.