Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Betre tilsyn med daglegvaremarknaden

Regjeringa vil auke løyvingane til Konkurransetilsynet med 6,5 millionar kroner.

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å styrke Konkurransetilsynet med 6,5 millionar kroner. Dette skal bidra til at tilsynet kan etterforske fleire saker og følgje enda nøyare med på daglegvarebransjen.

– Styrkinga av Konkurransetilsynet gjer at dei kan senke terskelen for kva for saker dei etterforskar, og dei kan drive meir omfattande marknadsovervaking, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Konkurransen i daglegvaremarknaden er utfordrande, med konsentrerte marknader i alle ledd. Det er òg vanskeleg for nye aktørar å etablere seg.

– Effektiv konkurranse i daglegvaremarknaden er avgjerande for at norske forbrukarar skal få matvarer av høg kvalitet til lågast mogleg pris, seier Røe Isaksen.

Konkurransetilsynet vil bruke pengane til å tilsette 6-7 nye årsverk som skal jobbe direkte med daglegvaremarknaden. Tilsynet vil dermed bli meir synleg og ha tettare kontakt med daglegvarekjedene og leverandørane.

Regjeringa vil i tillegg skrive ei stortingsmelding om konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden. Meldinga vil leggjast fram våren 2020, og gi ei omfattande vurdering av ulike tiltak for å betre konkurransen i marknaden.

– Min ambisjon er at ein minst ti år lang diskusjon skal få eit endelig punktum. Vi må ha ei solid analyse i botn for å kunne sjå alt i samanheng og for i størst muleg grad verte samde om politikken, seier Røe Isaksen.

Styrker klagenemnder

For å få raskare saksbehandling foreslår regjeringa å auke løyvingane til Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og Konkurranseklagenemnda (KKN).

– Nemndene våre skal fungere effektivt. For å oppretthalde tillit er det heilt sentralt at dei behandlar saker raskt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Tida KOFA nå bruker på saksbehandling er for lang. Regjeringa foreslår derfor å auke KOFA sitt budsjett med 1 million kroner.

I 2019 har KKN fått ei spesielt stor klagesak som tek mykje av ressursane. Regjeringa foreslår derfor å auke KKN sitt budsjett med 5,8 millionar kroner, slik at aktiviteten i nemnda kan halde fram i 2019.

Til toppen