Historisk arkiv

Betre inntektsfordeling mellom kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det skal bli betre inntektsfordeling mellom kommunane når Regjeringa følgjer opp planlagde endringar i inntektssystemet deira.

Pressemelding

Nr.: 149/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Betre inntektsfordeling mellom kommunane

Det skal bli betre inntektsfordeling mellom kommunane når Regjeringa følgjer opp planlagde endringar i inntektssystemet deira.

- I dag er det store skilnader i det lokale velferdstilbodet mellom kommunane. Den viktigaste grunnen er ulikt inntektsnivå. Endringane vi foreslår i statsbudsjettet vil føre til mindre skilnader i det kommunale tenestetilbodet, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

To nye busetjingskriterium i det kommunale inntektssystemet frå neste år vil jamne ut noko av kostnadene til drift av grunnskole.

Det ekstraordinære skjønnet skal trappast noko ned. Det vil vere ein føremon for kommunar med låg inntekt.

Skatteinntektene til kommunane skal framleis aukast, og skal etter forslaget stige frå 47 til 48 prosent av dei samla inntektene i kommunesektoren. Auken skal halde fram til skatteinntektene er oppe i 50 prosent, i 2006.

I dag blir kommunar trekte for 50 prosent av inntektene som overstig 140 prosent av landsgjennomsnittet. Regjeringa foreslår å senke denne grensa til 138 prosent neste år, og med tida redusere grensa til 130 prosent av landsgjennomsnittet.