Historisk arkiv

Betre velferdstilbod til fleire

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 146/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

Betre velferdstilbod til fleire

Regjeringa føreslår ein realvekst i inntektene til kommunane på 3,75 milliardar kroner i 2004.Det svarar til 1,9 prosent.

- Framlegget frå Regjeringa legg til rette for betre velferdstilbod til fleire og er i tråd med signala i kommuneproposisjonen, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Veksten i frie inntekter er på 1,8 milliardar kroner. Dette inkluderer auka stønad til ressurskrevjande brukarar på vel ein halv milliard kroner.

Ny finansieringsordning for ressurskrevjande brukarar vil gje grunnlag for betre velferdstenester til desse innbyggjarane. Ordninga inneber at staten tek ansvaret for toppfinansiering av tilbodet til ressurskrevjande brukarar. Kommunane vil til saman få dekt 80 prosent av kostnadene til einskildbrukarar ut over 700 tusen kroner. Tilskotet frå staten til dette føremålet aukar med vel ein halv milliard kroner til 1,2 milliardar kroner.

Regjeringa styrkjer tilbodet til småbarnsforeldre og legg til rette for å nå målet om barnehageplass til alle som ønskjer det, redusert foreldrebetaling og likebehandling av kommunale og private barnehagar. Tilskot til barnehagar aukar med nærare 2 milliardar kroner.

Budsjettframlegget frå Regjeringa gjev betre fysisk arbeidsmiljø for elevar og lærarar. Kommunar og fylkeskommunar får betre høve til rehabilitering og bygging av skular ved at staten utvidar låneramma for skulebygg med 2 milliardar kroner. Staten dekkjer dei auka renteutgiftene for kommunane og fylkeskommunane.

Regjeringa styrkjer tilbodet til psykisk sjuke. Løyvinga til opptrappingsplanen for psykisk helse overfor kommunane aukar med ^1 milliard kroner. Det kommunale driftstilskotet til psykisk helsearbeid aukar, og det blir gjeve investeringsmidlar til omsorgsbustader.

Regjeringa styrkjer innsatsen overfor brukarar med rus- og psykiatriproblem. Storbyane får meir pengar gjennom endringar i inntektssystemet knytt til desse tenesteområda. Storbyane får òg auka stønad til kollektivtransport.