Betring av miljøtilstanden i Uste- og Hallingdalsvassdraget

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det er i statsråd i dag fastsett reviderte konsesjonsvilkår for reguleringa av Uste- og Hallingdalsvassdraget i Hol, Ål, Gol og Nesbyen kommunar. Hovudmålet med endringane er å betre miljøtilstanden i det regulerte vassdraget.

Miljøtilstanden blir betra ved pålegg om minstevassføring, samtidig som dei opprinnelege konsesjonsvilkåra blir oppgraderte til dagens standard.

Reguleringane i Uste- og Hallingdalsvassdraget blir utnytta i Usta og Nes kraftverk, og er svært verdifulle for kraftsystemet då dei bidrar med om lag 2,2 terrawattimar (TWh) i årleg kraftproduksjon. Det er store fiske- og friluftsinteresser i området, og både kommunar og brukarinteresser har fremja krav om minstevassføring og sommarvasstand i magasina. Vassdraget er også prioritert for miljøutbetringar i vassforvaltningsplanen.

– Frå Ustevatn aukar me no kravet om minstevassføring av hensyn til fisk, landskap og friluftsliv. Samtidig gir me løyve til noko tidlegare overføring frå Ustevatn til Rødungen, noko som reduserer flaumtap. Dagens vedtak vil gi ein betre miljøtilstand i eit regulert vassdrag, samtidig som tapet av verdifull, regulerbar kraftproduksjon blir avgrensa, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

I tråd med NVEs tilråding blir det pålagt auka minstevassføring i Usteåne og det blir samtidig innført minstevassføring i Rukkedøla. Det blir også gitt løyve til tidlegare overføring av vatn frå Ustevatn til Rødungen, noko som reduserer flaumtap og gir ein viss auke i kraftproduksjonen. Dei vedtekne endringane vil gi eit samla årleg krafttap på om lag 5,6 gigawattimar (GWh).

Foreningen til Hallingdalsvassdragets Regulering blir pålagt å bidra til eit villreinfond med 0,9 millionar kroner, ettersom reguleringa har medført negative verknader for villreinbestanden. Fondet skal delast mellom Hardangervidda og Nordfjella villreinområde.

I åra framover skal fleire vassdrag opnast for revisjon. Pålegg om minstevassføring og magasinrestriksjonar vil bli fastsett i dei sakene der det gir størst miljøgevinst. Kostnaden, i form av redusert regulerbar kraftproduksjon, vil vere eit viktig omsyn i denne prosessen.