Nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar

Regjeringa skal utarbeide ein nasjonal strategi for å styrke mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har no levert faggrunnlaget til Landbruks- og matdepartementet.

– Bier, humler og andre pollinerande insekt speler ei avgjerande rolle for produksjonen av til dømes frukt og bær, og for ville plantar. Fleire av desse insekta er i tilbakegang i Noreg, og nokre artar har vi allereie mista frå faunaen vår. Faggrunnlaget gir oss eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med strategien, som Stortinget har bedt om, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I tillegg til fakta om pollinatorar og nytteverdien dei har, er både eksisterande tiltak og forslag til nye tiltak omtalte i rapporten. Eit av måla som blir foreslått, er å gjere Noreg meir venleg for pollinatorar.

– Alle som forvaltar eit areal, stort eller lite, kan bidra til å sikre våre pollinatorer. Strategien vil omtale dette nærare for aktuelle sektorar. Mange gjer allereie ein stor innsats for desse nyttige insekta, og engasjerte personar, organisasjonar og forvalting vil og bli viktige i det vidare arbeidet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I landbruket er til dømes slåttemarker og naturbeitemark som blir haldne i hevd, gode leveområde for pollinerande insekt. Andre døme er vegkantar og byparkar. Hageselskapet gir hageeigarar gode råd om kva for planter som er nyttige for humler og andre pollinatorar.

Arbeidet med ein nasjonal strategi for å ta vare på mangfaldet av villbier og andre pollinatorar blir leidd av Landbruks- og matdepartementet. Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet deltek også i arbeidet. I tillegg til Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet, har transportetatane, Forsvarsbygg, Statsbygg og ei gruppe nasjonale ekspertar også bidrege. Aktuelle organisasjonar har vore inviterte til å gje innspel.

FNs bærekraftmål nr 2 Utrydde sult.
  
  
FNs bærekraftsmål 

FNs 17 bærekraftsmål fram mot 2030 ble vedtatt av Høynivåforumet for bærekraftig utvikling som ble avholdt under FNs Generalforsamling i september 2015. Målene er universelle og gjelder for alle land, også Norge. Som ett av de første land skal Norge rapportere til FN om hvordan vi følger opp bærekraftsmålene. Landbruks- og matdepartementet har koordineringsansvaret for FNs bærekraftsmål nr 2: Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk.