Historisk arkiv

Bilkultur og veghistorie fram i lyset: Norsk vegmuseum og Norsk kjøretøyhistorisk museum vert slått saman

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Bil og veg er kulturhistorie. Eg er glad for at denne delen av norsk historie kan bli vist fram og formidla på ein endå betre måte, ved at Norsk vegmuseum og Norsk kjøretøyhistorisk museum vert slått saman og får felles plassering på Hunderfossen nord for Lillehammer.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa i dag la fram eit forslag for Stortinget om ei slik samanslåing.

- Vegane våre bind landet saman, og transport av gods og menneske har vore like viktig i tidlegare tider som i dag. Vegmuseet fortel historia om norsk vegutbygging og om Statens vegvesen. Dette er også ein del av historia om korleis Norge vart ein moderne nasjon.

- Kjøretøyhistorisk museum har hatt ein uoffisiell status som nasjonalt anlegg for historiske køyretøy. Verksemda vart lagt ned hausten 2015, men samlinga med meir enn 150 bilar og andre køyretøy vert sett opp i tilknyting til Vegmuseet.

- Bil og veg er ein del av kulturarven vår, og eg er glad for at regjeringa no legg til rette for eit sterkt fagleg nasjonalt museumsmiljø. Eit samla museum for veghistorie og køyretøy vil også vere eit endå betre tilbod til publikum, seier samferdselsministeren.

Oppland fylkeskommune og Lillehammer kommune har vedteke å støtte drifta med 900 000 kroner i året.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget om korleis og når samlokaliseringa kan gjennomførast.

For fleire opplysningar – sjå Prop. 126 S (2015-2016) Nokre saker om luftfart, veg og særskilde transporttiltak og jernbane