Historisk arkiv

Biokol til karbonfangst- og lagring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa sin klimaplan viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og skape grøn vekst. Ei av løysingane er å bruke biokol til karbonfangst og karbonlagring.

– Ved å ta meir karbon inn i det naturlege kretsløpet, og ved å binde og lagre meir karbon i jord og skog, er landbruket ein viktig del av løysinga på klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Bruk av biokol er eit interessant tiltak for å lagre karbon i jorda. Det krevst forsking og utvikling før dette kan bli eit alternativ i praktisk landbruk. Over jordbruks­avtalen blir det gitt tilskot til forsking for betre jordhelse og til driftsmetodar som fremjar auka karbonlagring, seier Bollestad. 

Kostnad på under 500 kroner per tonn CO2

Biokol er eit materiale som liknar trekol, og som kan nyttast for å auke karboninnhaldet i jord, og som jordforbetringsmiddel. Biokol blir laga ved pyrolyse, der biomasse vert varma opp med høg temperatur og avgrensa tilgang på oksygen. Prosessen fører til at biokolet vert svært motstandsdyktig mot biologisk nedbryting.

Biokol nytta i norsk landbruk (både jordbruk og skogbruk) vil kunne auke delen av jordkarbon som kan lagrast i over 100 år. I rapporten Klimakur 2030 er det berekna at biokol kan redusere mengda CO2 med 830 000 tonn innan 2030, til ein kostnad på under 500 kroner per tonn.

Saka fortsett under bilete.

Biokull.
Biokull. Foto: Erik Joner /NIBIO

Gir både karbonlagring og gjødsling

Norsk institutt for bioøkonomisk forsking (NIBIO) og andre forskingsinstitusjonar har forska på biokol i over ti år. Resultata av forskinga viser at biokol laga frå halm er 60 gangar meir stabilt over tid enn halm lagra i jord. Gjennom prosjektet KarbonVekst er det funne at biokull blanda med biorest gir både karbonlagring og betre gjødsling. Forskingsprosjektet CARBO-FERTIL har som mål å finne gode metodar for å ta biokol inn i klimagassrekneskapen. Slik kunnskap er avgjerande for å kunne ta i bruk biokol som klimatiltak. 

Skal telje med i utsleppsrekneskapen

Bruk av biokol i jord kan i dag ikkje bli registrert i utslepps­rekneskapen . Det er per i dag ikkje gode nok metodar for å fastslå kva effekt tiltaket har på utsleppa. I Klimameldinga (Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030) stadfestar regjeringa at det er behov for forskings- og utviklingsarbeid for å kunne rekne på kva effekt karbonlagring har på utslepp, slik at dette i framtida kan telje med i utsleppsrekneskapen.