Historisk arkiv

Bioøkonomi i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet lanserer ei ny nettside for bioøkonomi i landbruket. Formålet er å synliggjere framveksten av nye bedrifter, og regionale, nasjonale og internasjonale aktivitetar innan bioøkonomien.

– Utviklinga av dei muliggjerande teknologiane går raskt, og overføring av teknologi mellom sektorar og bedrifter opnar nye moglegheiter. Formidling av gode eksempel er eit viktig verkemiddel for å oppnå auka verdiskaping frå dei biologiske ressursane våre, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Regjeringa sin bioøkonomistrategi blei signert av ti ministrar og lagt fram for eit år sidan. Oppfylging av strategien skjer i verkemiddelapparatet, i forvaltninga, i forskingsmiljø og ikkje minst i næringslivet. 

Landbruks- og matdepartementet inviterer verksemder knytt til landbruket, og som fell innanfor ramma av regjeringa sin bioøkonomistrategi, å melde frå til hjemmesidestoff@lmd.dep.no.

Biogassanlegg.
Biogassanlegg - Den Magiske Fabrikken. Foto: Greve Biogass