Historisk arkiv

Blåfjelldal ny styreleiar i Veterinærinstituttet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Hanne Maren Blåfjelldal er oppnemnd som ny styreleiar for Veterinærinstituttet av Landbruks- og matdepartementet. Blåfjelldal var inntil sist haust statssekretær i same departement. Oppnemninga gjeld fram til 30. juni 2023.

– Veterinærinstituttet har ei særs viktig rolle i norsk bioøkonomi gjennom deira arbeid for trygg mat og for å verne om den gode helsestatusen for dyr i Noreg. Dei tilsette og den kunnskapen dei innehar, har imponert meg mange gonger, og eg gler meg til å bli vidare kjent med deira arbeid, seier Blåfjelldal.

Blåfjelldal (37) bur i Øystre Slidre i Valdres. Ho har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitet i Oslo. Ho har hatt ulike politiske verv i Framstegspartiet, i Oppland fylkesting og som vararepresentant og rådgjevar på Stortinget. 

Den nye styreleiaren var statssekretær i Landbruks- og matdepartementet frå 16. oktober 2013 til 30. november 2018.

Hanne Maren Blåfjelldal.
Hanne Maren Blåfjelldal er oppnemnd som ny styreleiar for Veterinærinstituttet. Foto: Torbjørn Tandberg