Statssekretær Bokhari til bokmessa i Frankfurt

Statssekretær Laila Bokhari deltar 10.-11. oktober på verdas største bokmesse. Noreg er vald som hovudgjest på Frankfurt-messa i 2019.

 – Vi er svært glade for at Noreg er hovudgjesteland i Frankfurt i 2019. Verda har for alvor fått auga opp for breidda og kvalitetane i norsk litteratur. Å vere gjesteland på Frankfurt-messa vil opne fleire dører for norske forfattarar internasjonalt. Eg er imponert over alt det gode arbeidet som allereie er lagd ned for å førebu gjestelandsprosjektet, seier statssekretær Bokhari.  

Til stades på opninga av bokmessa er også forbundskanslar Angela Merkel og president Emmanuel Macron. I tillegg til å delta på opninga vil statssekretær Bokhari ha ei rekkje møte med representantar for bokmessa, det tyske utanriksdepartementet, Norla (Senter for norsk litteratur i utlandet), norsk bokbransje og Frankrike, som er gjesteland i 2017.  

Regjeringa har dei siste åra styrka satsinga på kulturelle og kreative næringar. Gjestelandsprosjektet vil kunne bidra til å gjere norske forfattarskap meir kjend i utlandet.  

Pressekontakt: UDs pressevakt på 23 95 00 02