Historisk arkiv

Bonde frå Sør-Fron får mjølkekvote

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har bedt Landbruksdirektoratet om å handsama saka til bonden frå Sør-Fron slik at han får overdratt mjølkekvote frå Sør-Fron prestegard.

Bonden kjøpte i si tid ein frådelt eigedom med mjølkekvote. I ettertid kom det fram at mjølkekvota vart liggjande att på det opphavelege gards- og bruksnummeret, og ikkje i sin heilskap kunne overdras til kjøper. 

Departementet har nå endra den relevante føresegna i kvoteforskriften slik at det er mogleg å overdra kvota til den utskilte forpaktningseigedomen og slik at kjøparen kan fortsette drifta slik det var tenkt. 

– Landbruksdirektoratet har nå handsama saken på nytt og eg er glad for at det no har blitt ei god løysing for bonden på Sør-Fron, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.