Historisk arkiv

Bøndene bør blande gras frå fleire slåttar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Forskarar rår bøndene til å blande gras frå fleire slåttar. Det gjer fôret betre og meir jamt, då det kan vere stor forskjell på innhaldet.

Forskarar ved Bioforsk har undersøkt korleis ein får best muleg fôr til kyrne gjennom blant anna å undersøke kor mange gonger det er best å hauste graset. Dei fann ut at det kan vere stor forskjell på innhaldet i fôret avhengig av når graset vert hausta, og ved å blanda gras frå forskjellige slått får ein jamna ut disse forskjellane. 

Det vart også undersøkt kva frøblandinger og konserveringsmiddel som er best, når det er best å slå graset med tanke på mengde og kvalitet, korleis kvaliteten på grovfôret verker på kraftfôrbehov og produksjon hos kua, samt økonomien hos gardbrukaren. Forskarane er ikkje heilt i mål med alt, men det meste er ferdigstilt.

Høyballer
Forskarar rår bøndene til å blande gras frå fleire slåttar. Det gjer fôret betre og meir jamt, då det kan vere stor forskjell på innhaldet. Foto: Birger Areklett/Samfoto