Historisk arkiv

Hans Brattskar til Japan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Hans Brattskar deltar 15.-17. mars på FN sin tredje verdskonferanse om katastrofeførebygging i Sendai, Japan.

Hovudtema for konferansen er korleis risikoen for naturkatastrofar kan reduserast for å spare menneskeliv, hindre økonomiske tap og førebygge skadar på miljøet. 

Nordaustkysten av Japan, der konferansen skal haldast, blei  for fire år sidan hardt råka av jordskjelv og påfølgjande tsunami og atomulykke.

Konferansen skal vedta ei politisk erklæring og eit rammeverk for katastrofeførebygging dei neste 15 åra, som landa skal slutte seg til.

- Frå norsk side er det viktig at dei fattigaste landa, og særleg sårbare grupper, blir godt ivaretatt i rammeverket sidan dei er mest utsette ved naturkatastrofar. Vi vil derfor ta til orde for at desse er inkluderte i førebyggingsplanar og gjennomføring av planane, seier statssekretær Hans Brattskar.  

Under forhandlingane har Noreg også lagt vekt på å hindre at helse - og utdanningsinstitusjonar blir råka.

Det blir også arbeidd for at rammeverket skal vere godt koordinert med dei nye berekraftsmåla, som skal vedtakast i FN i september, og med klimatoppmøtet i Paris i desember.

Under denne tredje FN-konferansen for katastrofeførebygging, i Sendai i Japan vil 179 land vera representerte. Det er venta 20 stats- og regjeringssjefar og meir enn 100 ministrar.

Hans Brattskar vil også ha ei rekke bilaterale møte under opphaldet i Japan.

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920