Historisk arkiv

Presseinformasjon

Brende til utanriksministermøte i Barentsrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Det 16. utanriksministermøtet i Barentsrådet finn stad i Arkhangelsk, Russland, 18.-19. oktober 2017.

- Barentssamarbeidet er ein viktig del av norsk nordområdepolitikk. Samarbeidet er viktig for å byggje tillit og godt naboskap over grensene i regionen. I tillegg skapar samarbeidet resultat på ei rekkje område som er viktige for Noreg, som redningssamarbeid, miljø, klima, transport og helse, seier utanriksminister Børge Brende.

Utanriksministermøta i Barentsrådet finn stad annakvart år. Utanriksministrane frå Finland, Noreg, Russland og Sverige deltek på møtet, saman med representantar frå Danmark, Island og EU. Møtet tek til med ein arbeidsmiddag for utanriksministrane 18. oktober, etterfylgd av ein formell del 19. oktober. Etter møtet vil utanriksministrane dele ut stipend til fire kulturaktørar frå regionen, ein frå kvart av dei fire barentslanda. Utanriksminister Brende skal også opne ei utstilling om norsk-russisk polarhistorie.

På møtet i Arkhangelsk tek Sverige over formannskapen i Barentsrådet etter Russland som har hatt den dei to siste åra. Sverige har kunngjort tre prioriteringar for formannskapen i perioden 2017-2019: berekraftig utvikling, folk-til-folk-samarbeid og ungdomssamarbeid.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.