Presseinformasjon

Utanriksminister Børge Brende til Brussel 30. januar

Utanriksminister Børge Brende er i Brussel måndag 30. januar for møte i EU-kommisjonen og EU-parlamentet.

Utanriksministeren er invitert til å tale om samarbeidet med EU i Arktis i Europaparlamentet sin utanrikskomité (AFET), i samband med at komiteen skal røyste over Europaparlamentet sin resolusjon om Arktis påfølgjande dag.

Brende skal mellom anna møte kommissær og første visepresident i Europakommisjonen, Frans Timmermans, EU sin høgrepresentant for utanrikssaker og tryggingspolitikk Federica Mogherini og kommissær for EUs naboskapspolitikk og utvidingsforhandlingar, Johannes Hahn. Blant tema for møta er brexit, migrasjon, Ukraina, Vest-Balkan, Midtausten og Syria. 

Pressekontakt: Astrid Sehl, astrid.sehl@mfa.no , mob 92284752 (med på reisa)