Presseinformasjon

Brende til Helsingør 5.-6. mai

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Brende deltek på nordisk og nordisk-baltisk utanriksministermøte i Helsingør, Danmark, tysdag 5. – onsdag 6. mai.

Hovudtemaet for det nordiske ministermøtet 5. mai er vidare fordjuping av det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet og aktuelle internasjonale spørsmål.

Dei nordisk-baltiske utanriksministrane skal 6. mai mellom anna drøfte samarbeid i høve til EU sitt austlege partnarskap, og eit initiativ til strategisk kommunikasjon i høve til russiske minoritetar i Europa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.