Brende til Syria-konferansen i Kuwait

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende deltar 31. mars på FNs tredje internasjonale humanitære gjevarkonferanse for Syria. Konferansen blir halden i Kuwait.

FN ber verdssamfunnet om 7,4 milliarder dollar (59 milliardar kroner) i humanitær bistand og langsiktig utviklingsstøtte til ofra for Syria- krisa, og til å støtte nabolanda som er ramma av flyktningkrisa i Syria.

Borgarkrigen i Syria går no inn i sitt femte år. Over tolv millionar menneske, eller tre firedelar av innbyggarane i landet treng humanitær støtte for å dekke dei mest grunnleggande behov. Nesten fire millionar menneske har flykta til Syrias naboland. I tillegg er 7,6 millionar menneske internt fordrivne. Meir enn 220.000 menneske er drepne i konflikten.

Under gjevarkonferansen i Kuwait, vil ministrar frå ei rekke land delta, i tillegg til FNs generalsekretær Ban Ki-moon og mange internasjonale organisasjonar.

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920