Historisk arkiv

Auka norsk støtte til utrydding av polio

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Utanriksdepartementet inviterer pressa til møte med utanriksministeren og Gavi-direktøren i samband med at Noreg aukar den årlege støtta til arbeidet med å utrydde polio frå 50 millionar kroner til 240 millionar dei neste seks åra.

Verdas helseorganisasjon, WHO, fryktar ny polioepidemi etter at det er påvist smitte, spesielt i konfliktområde som Syria og Somalia. Det er vanskeleg å gjennomføre vaksine i slike område. Reiseverksemd utgjer også ein trussel, og WHO ser no polio som ein fare for folkehelsa. 

Administrerande direktør i Gavi (Den globale vaksinealliansen), Seth Berkly kjem til Oslo måndag 2. juni for å ha møte med utanriksminister Børge Brende, og skrive under avtalen om auka norsk støtte. Denne skal gå gjennom Gavi. 

I samband med dette, vil det vera høve for pressa til å intervjue både Berkly og Brende.  

Tid: Måndag 2. juni kl. 11.30 (frammøte kl 11.20)
Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1. 

Vi ber om at påmelding blir sendt asve@mfa.no

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920