Britisk eventyrkritikar får norsk forskingspris

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Holbergprisen 2015 blei i dag tildelt britiske Marina Warner. Prisen får ho for arbeidet ho har gjort med å analysere korleis eventyr og mytar reflekterer kjønnsroller i samtida, i lys av feminismen.

Bilde av Marina Warner
Vinnar av Holbergprisen 2015, Marina Warner. Foto: Dan Welldon

Holbergprisen, som gjerne vert kalla «nobelprisen» innanfor samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi, er ein forskingspris på 4,5 millionar kroner. Prisen blei oppretta av den norske regjeringa i 2003.

Vinnaren skal på ein avgjerande måte ha påverka internasjonal forsking innanfor desse fagfelta. Forskaren, forfattaren og kritikaren Marina Warner får prisen for arbeidet ho har gjort med analysar av korleis eventyr og mytar blir omforma og forandra for å forhandle med vår samtid.

– Eg har prøvd å utforske velkjente, men ofte oversette uttrykksformer, som historier og folkeleg symbolikk for å forstå interaksjonen mellom kultur og etikk. Denne prisen gir meg og mine forskarkollegaer ei fantastisk og overraskande oppmuntring, seier Warner.

–Eg vil gratulere Marina Warner med Holbergprisen 2015, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Nils Klim-prisen går til EU-forskar

Vinnar av Nils Klim-prisen 2015, Rebecca Adler-Nissen.
Vinnar av Nils Klim-prisen 2015, Rebecca Adler-Nissen. Foto: Lars Svankjær

Isaksen gratulerer også vinnaren av Nils Klim-prisen, danske Rebecca Adler-Nissen, som mottek prisen for forsking på utviklinga i EU og forholdet mellom medlemsstatane. Nils Klim-prisen går til ein nordisk forskar under 35 år som har utmerka seg innanfor Holbergprisen sine fagfelt. 

For meir informasjon, gå til www.holbergprisen.no