Historisk arkiv

Bruk av naturgass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 118/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Bruk av naturgass


Regjeringa styrkjer satsinga på bruk av naturgass innanlands. Innanlands bruk av naturgass gjev grunnlag for verdiskaping, industriell og teknologisk utvikling, og eit betre miljø.

-Fleire stader i landet arbeider næringslivet og lokale styresmakter med konkrete prosjekt for å ta i bruk naturgass. Det er naudsynt at staten tek aktivt del og stør opp under denne satsinga om me skal få resultat, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Regjeringa foreslår å løyva 30 millionar kroner til satsinga på naturgass i 2002. Det er ein auke på 10 millionar kroner i høve til 2001. Det vert og fremma forslag om å gje ei tilsagnsfullmakt på 20 millionar kroner. Løyvinga skal sikra ei vidareføring og realisering av eit gassrøyr til Bergen. Det vil og bli rom for andre prosjekt. Totalt representerer dette ein auke på 30 millionar kroner samanlikna med 2001.

I juli 2001 leverte eit utval med representantar frå LO og Arbeiderpartiet ein rapport der dei drøfta ulike strategiar for å ta i bruk naturgassen i Noreg. I februar tek Regjeringa sikte på å legga fram ei stortingsmelding der desse problemstillingane vert drøfta nærare. Mellom anna er det viktig å klargjera korleis infrastrukturen skal finansierast, eigast og drivast. Regjeringa legg opp til eit samarbeid mellom offentlege og private aktørar.