Budsjettkonferanse i Hurdal

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2017 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell frå måndag 7. mars til og med onsdag 9. mars. I samband med at konferansen startar vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 4. mars kl. 13.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.

Foreløpig timeplan:
Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.

Kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen

Kl. 09.45: Fellesfoto av regjeringa

Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (kun for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har ønskt velkommen.  

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon: 957 26 510.