Budsjettkonferanse ved Hurdalsjøen

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2019 med budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell måndag 12. mars til og med onsdag 14. mars. I samband med oppstarten av konferansen vil det bli ei kort presseorientering og fellesfoto av regjeringa.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no  innan fredag 9. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Hurdalsjøen hotell må ta med pressekort og godkjent id.

Foreløpig program 12. mars:

Statsrådane møter opp frå kl. 09.00.

Kl. 09.20: Pressemøte med statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og kulturminister Trine Skei Grande.

Kl. 09.45: Fellesfoto av regjeringa.

Deretter blir det høve til å fotografere ved oppstarten av budsjettkonferansen (kun for fotografar). Fotografane blir følgde ut etter at statsministeren har helsa velkommen.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Til toppen