Styrker menneskerettane i Bulgaria

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

EØS-midlane

Låg kunnskap og strukturelle problem i rettssystemet medverkar til at menneskerettane har dårlege kår i Bulgaria. Eit norskstøtta prosjekt er i ferd med å endre på dette.

Frå studietur til Den europeiske menneskerettsdomstolen Foto: Juridisk institutt, Sofia

– Vi har lært å bruke den europeiske menneskerettskonvensjonen i vårt daglege arbeid. Det braut rett og slett standarden for korleis vi jobbar med slike saker, seier dommar Elena Popova

Ho har sjølv delteke i prosjektet der bulgarske juristar får opplæring i konvensjonen og korleis dei kan nytte dommar frå den europeiske menneskerettsdomstolen. Opplæringa gav meirsmak, og ho underviser no andre dommarar over heile Bulgaria om emnet.

Kunnskapsstyrking
Kunnskapen om og bruken av menneskerettane i det bulgarske rettssystemet blir styrka på ulike måtar gjennom prosjektet:

  • opplæringsseminar for dommarar og juristar
  • utdanning av kurshaldarar
  • bygging av informasjonsportal
  • undervisningsmateriale
  • nettverksbygging

Europarådet er engasjert i prosjektet som også inkluderer samarbeid med ulike rettsinstitusjonar i Europa, inkludert Domstolsadministrasjonen i Noreg.

     Les mer: Om prosjektet

Må gjerast attraktivt
Bulgarias juridiske institutt er ansvarlege for prosjektet og samla nyleg juristar, politikarar, akademia og det sivile samfunn til seminar i Sofia for å diskutere styrking av menneskerettane.

Der deltok også Den norske Helsingforskomiteen ved nestleiar Gunnar Martin Ekeløve-Slydal. Han meiner at utfordringa ligg i å endre innstillinga mange har til menneskerettane. Det som gjerne oppfattast som ei byrde, er i realiteten ei investering for framtida.

– Det må gå litt prestisje i å fremje menneskerettane, då får ein justissektoren med på laget. Ein slik konferanse kan skape nettopp det, samt bringe viktig kunnskap til rettssystemet.

Positiv utvikling
At det allereie har skjedd ei haldningsendring, kan nestleiar for det nasjonale jussinstituttet Nelli Madanska stadfeste. Frå skepsis i starten, opplever ein no overfylte seminar. På grunn av den store interessa er det utdanna fleire kurshaldarar enn det var planlagt i utgangspunktet.

– Det viktigaste vi har oppnådd med prosjektet, er at juristane no ser at menneskerettane angår deira daglege arbeid og er relevante på alle fagområde, seier Madanska. Med spesialisering i kommersiell lov vart nestleiaren sjølv overraska over kor aktuelle menneskerettane er, også på dette fagfeltet. – Målet må vere å sjå all nasjonal lovgjeving i eit menneskerettsperspektiv.

Mykje står att
Samstundes har Bulgaria framleis store utfordringar med å handheve menneskerettane. Per i dag har landet 341 dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen mot seg som ikkje er gjennomførte og følgt opp. 195 dommar er sette under såkalla utvida tilsyn. Det vil seie at dei representerer alvorlege strukturelle eller komplekse problem. Samanlikna med andre medlemsstatar i EU er dette høge tal.

     Les mer: Rapport om framdrift i prosjektet

Noreg finansierer prosjektet gjennom EØS-midlane med 1 million euro.