Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

266 millionar kroner meir til Buskerud neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 266 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 266 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0602 Drammen

52,8

0604 Kongsberg

21,8

0605 Ringerike

21,7

0612 Hole

8,1

0615 Flå

1,7

0616 Nes

3,1

0617 Gol

4,5

0618 Hemsedal

3,1

0619 Ål

3,7

0620 Hol

3,8

0621 Sigdal

2,8

0622 Krødsherad

2,2

0623 Modum

10,6

0624 Øvre Eiker

17,9

0625 Nedre Eiker

18,3

0626 Lier

23,1

0627 Røyken

15,0

0628 Hurum

6,4

0631 Flesberg

2,8

0632 Rollag

1,2

0633 Nore og Uvdal

2,2

Buskerud

226,8

 

Buskerud fylkeskommune

39,2

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.