Historisk arkiv

Buskerudmuseet mottar gåveforsterking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Buskerudmuseet får 61 830 kroner frå Kulturdepartementet si gåveforsterkingsordning. Beløpet kjem i tillegg til ei gåve frå Stiftelsen UNI på 247 321 kroner.

Gåva skal brukast til utskifting av tak på Tandbergbygget ved Hallingdal museum. Totalt kjem dette arbeidet på om lag 1 million kroner. Ekstern finansiering bidrar med ein tredel av kostnadene.

- Buskerudmuseet arbeider godt med å skape gode relasjonar til private gjevarar. Det er viktig at det systematiske arbeidet dei gjer blir verdsatt. Gåveforsterkingstilskot bidrar til at ein kjem i gang med nødvendig vedlikehald, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Dette er det fjerde tilskotet Buskerudmuseet får frå gåveforsterkingsordninga. Buskerudmuseet er eit konsolidert museum med avdelingar over store delar av fylket. Ei av desse avdelingane er Hallingdal Museum som er eit kulturhistorisk museum som speglar bondesamfunnet i Hallingdal på 1700- og 1800-talet.

- Det er gledeleg at så mange ulike kunst- og kulturverksemder har søkt om gåveforsterkingstilskot. Vi ser at ordninga fungerer og motiverer verksemdene til å intensivere arbeidet med å skaffe fleire finansieringskjelder, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Gåveforsterkingsordninga for musea vart innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir et tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Formålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 vart ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er satt av 45 millionar kroner på statsbudsjettet for 2016 til gåveforsterking.

Buskerudmuseet mottar driftstilskot på 21 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2016. Det er 51 lønna årsverk ved museet, og i 2015 var det 113 000 besøkjande.