Historisk arkiv

Bustadbygginga fungerer godt dei fleste stader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

-Bustadbygginga tek seg raskt opp dei fleste stader når folketalet stig og bustadprisane går opp. Det er bra. Men storbyane har ei utfordring, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Bustadbygginga tek seg raskt opp dei fleste stader når folketalet stig og bustadprisane går opp. Det er bra. Men storbyane har ei utfordring, seier statsråd Liv Signe Navarsete. 

Navarsete syner til rapporten Boligbyggingens prisrespons frå Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR). NIBR har vurdert korleis mellom anna bustadprisar og folketilvekst har påverka bustadbygginga dei siste 10 åra.

I dei fleste strøk har bygginga tilpassa seg etterspurnaden. I dei fire største byane har derimot bygginga vore for låg til halde oppe bustaddekninga.

NIBR peikar også på kva som har bremsa bygginga av bustader i storbyane. Noko av forklaringa er låg omsetning og regulering av tomter. Dessutan er sakshandsamingstida i kommunane lang. Andre hindringar går på statleg nivå, som til dømes kvalitetskrav på bustader.

Byggjekostnadene har også auka dei siste åra. NIBR forklarar dette med mellom anna auka arbeidskostnader og redusert produktivitet i byggjenæringa.

- Det er nyttig å få kunnskap om kva som bremsar bustadbygginga i pressområde. Eg forventar at kommunane har strategiar for bustadbygging og at dei får fram  nok regulerte tomter. Eg vil vurdere om vi kan forenkle byggjereglane meir, utan at det går ut over kvaliteten på bygga, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.