Historisk arkiv

Bustadpolitikken er inga skam

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Klassekampen 05.05.2009.

Harald Ø. Reppesgaard etterlysar i eit innlegg her i avisa ei gjenreising av den sosiale bustadpolitikken.
 
Eg er nøgd med det den raudgrøne regjeringa har sett i verk for å styrka dei bustadsosiale verkemidla.

Ei ny bustøtte vart nyleg vedteken i Stortinget. I sanning eit historisk vedtak. Støtta skal gå til dei med låge inntekter og høge buutgifter. Heile 150 000 hushald vil koma inn under ordninga, 50 000 fleire enn i dag. Dei vil få i gjennomsnitt om lag 2000 kroner i støtte per månad.

Dei nye som kjem til er rundt 10 000 nye barnefamiliar og 40 000 åleinebuande og par utan barn. Styrkinga av bustøtta vil vera til stor hjelp for unge og andre med svak økonomi som skal etablera seg i eigen bustad. Dei som slit med høge husleiger og dyre renter på bustadlån, vil også kunna få det lettare. Betringa bør vera i kommunane si interesse når dei vurderer å etablera fleire utleigebustader.

Det største hinderet for at alle i dag har ein heim, er at kommunane disponerer for få bustader. Det er lange ventelister mange stader. I år har vi sett av midlar til 3000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Det er den største satsinga på utleigebustader nokon gong! Til saman har vi gitt tilskot til etablering av meir enn 10 000 utleige-, student- og omsorgsbustader i stortingsperioden.

I fjor fekk 6500 hushald startlån gjennom kommunane. Meir enn halvparten flytta frå leigd bustad og for første gang inn i sin eigen eigde heim.

Desse tiltaka er gode døme på ein moderne bustadpolitikk som vil hjelpa fleire menneske til å nå draumen om å eiga sin eigen bustad, og til å få endå fleire i hus.