Historisk arkiv

Bustadsosial innsats gjev resultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Kommunal Rapport 19.03.2010.

Betre bustøtte, kraftig auke av både tilskot til utleigebustader og i talet på startlån. Det er nokre av resultata frå det bustadsosiale arbeidet i 2009. I år skal me gjere meir.

2009 blei utropt som eit bustadsosialt år – eit år der stat og kommune saman skulle ta eit tak for dei som ikkje bur trygt og godt. Regjeringa sikra betre rammer gjennom statsbudsjettet for 2009 og følgde vidare opp med tiltakspakka. Kommunane har gjort ei formidabel innsats og kan no vise til resultat. Framleis er det likevel utfordringar. Det er ingen grunn til å lene seg tilbake.

Mykje godt arbeid, men…

Mange kommunar gjer eit godt bustadsosialt arbeid, medan andre kan bli betre. Det er store gevinstar å hente for dei som arbeider målretta. Det gjeld både for kommunar og enkeltpersonar.

Difor utfordrar eg ordførarar, rådmenn og andre politikarar og kommunalt tilsette til å bruke dei statlege verkemidla fullt ut.
 
Eit historisk vedtak i Stortinget førte til at eit nytt regelverk for bustøtta kunne tre i kraft frå 1. juli 2009. Langt fleire fekk med dette vedtaket rett på bustøtte. Dei totale utbetalingane auka med 280 millionar kroner i 2009. I år er det sett av 3,6 milliardar kroner, nesten ein milliard kroner meir enn i 2009. Bustøtta går til husstandar med svært låge inntekter og høge buutgifter. Det gjer bustøtta til eit effektivt og ubyråkratisk verkemiddel mot fattigdom.

Kvar månad kjem om lag 2000 nye husstandar inn i ordninga, men det er plass til fleire. Difor ber eg kommunane om å halde fram arbeidet med å hjelpe mulege søkjarar inn i ordninga.

Fleire utleigebustader
Mange kommunar slit med for få og dårlege bustader til vanskelegstilte. Sjølv om det er kommunane sitt ansvar å skaffe bustader til vanskelegstilte, bidreg staten gjennom mellom anna tilskot til utleigebustader.

I 2009 kunne Husbanken gje tilskot til heile 2440 utleigebustader, mot 1000 året før. Ein stadig høgare del av tilskota går til personar som treng oppfølgingstenester. Dette gjeld særleg personar med rus- og/eller psykiatriproblem og einslege mindreårige flyktningar. I tillegg kan Husbanken også i år gje tilskot til 2500 nye sjukeheimplassar og omsorgsbustader.

Meir til startlån
Interessa for startlån har auka dei siste åra. I 2009 fekk 7300 unge og vanskelegstilte startlån, 13 prosent fleire enn året før. Husbanken melder om at utviklinga held fram i 2010. Eit godt eksempel er Oslo kommune som har auka låneopptaket frå Husbanken med 50 prosent dei to siste åra. Det kjem mange innbyggjarar til gode.

Ein ny rapport frå Econ viser likevel at mange kommunar kan nytta ordninga med startlån betre. Rapporten syner at kommunane sjeldan taper på å nytte startlånet. Mitt ønskje er at alle som bur i, eller søkjer seg til, kommunale bustader blir vurderte om dei er kvalifiserte for startlån. Slik får fleire hjelp til å bli sjølvstendige bustadeigarar, og samstundes blir dei kommunale bustadene frigjorte til dei som har det vanskelegare. På denne måten bidreg startlånet også til å motverke bustadløyse. 

Eg vil nøye følgje utviklinga i etterspurnaden av startlån. Regjeringa har sett av 15 milliardar kroner til ulike låneordningar i år, og me kan auke beløpet viss det trengst.

Mitt mål er at fleire skal få mulegheit til å flytte inn i eigen bustad. Skal vi lukkast med det må alle kommunar prioritere det bustadsosiale arbeidet lokalt, og bruke den statlege verktøykassa. Alle treng ein god bustad å organisere liva sine ut frå.