Historisk arkiv

Bustadsosialt arbeid kan gje lågare kostnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebyggjande og aktiv bustadsosial innsats kan betre livet for personar i ein ustabil livssituasjon, og spare samfunnet for kostnader.

Førebyggjande og aktiv bustadsosial innsats kan betre livet for personar i ein ustabil livssituasjon, og spare samfunnet for kostnader.

Det syner rapporten Kommunal- og samfunnsøkonomiske effekter av boligsosial politikk. Rapporten er utarbeidd av NIBR (Norsk institutt for by- og regionforskning), på oppdrag frå Husbanken.

- Rapporten peikar på at det finst ei rekkje tilfelle kor aktivt og koordinert bustadsosialt arbeid ikkje berre er positivt for den einskilde, men at det også er lønsamt for stat og kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I rapporten kjem det fram at bustadsosialt arbeid kan redusere samfunnet sine kostnader til mellom anna fengselsopphald, institusjonsopphald, døgnovernatting og trygdekostnader. Det kan òg medverke til at personar kjem i jobb, noko som gjev auka skatteinntekter.

Rapporten tydeliggjer at ein bør sjå bustadsosialt arbeid i samanheng med andre velferdsområde som arbeid, rus, psykiatri, integrering og kriminalitet. Det er naudsynt for at offentlege instansar i auka grad skal ta omsyn til kostnadsinnsparingar i andre instansar eller innsparingar som kjem langt fram i tid.