Historisk arkiv

Bygdeutviklingsmidlane for 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har utarbeida nytt rundskriv om dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane (BU-midla) for 2012, samt andre regionale næringsutviklingsprosjekt. Rundskrivet erstattar rundskriv M-1/2011.

BU-midla er det viktigaste økonomiske verkemiddelet til Landbruks- og matdepartementet for å nå målet om næringsutvikling i og i tilknyting til landbruket. Her spelar Fylkesmannen, Innovasjon Norge, fylkeskommunane og kommunane ei særskilt viktig rolle, kvar for seg- og ikkje minst i samarbeid. Målet med bygdeutviklingsmidla er å legge til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt desentralisert busetnad med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedomen spesielt.

Hovudprinsippa i forvaltninga av BU-midla tek utgangspunkt i den nasjonale strategien for landbruksbasert næringsutvikling ”Ta landet i bruk!”.

Hest og vogn

Landbruks- og matdepartementet har utarbeida nytt rundskriv om dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane. (Foto: Fylkesmannen i Østfold)