Bygdevekstavtalar til Indre Namdal og Rindal/Holtålen

To område i Trøndelag er peika ut av Kommunal- og distriktsdepartementet som nasjonale pilotar for utprøving av bygdevekstavtalar. – Desse Trøndelags-kommunane ønsker å ta tak i lokale distriktsutfordringar og finne løysingar som passer for dei. Eg gler meg til å sjå kva kommunane får til saman – og med staten som partnar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Bygdevekstavtaler er eit nytt distriktspolitisk verkemiddel, som skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i distriktskommunar.

No skal regjeringa teste ut bygdevekstavtalar i to pilotområde i Trøndelag: Indre Namdal (Røyrvik, Grong, Lierne og Namsskogan) og Rindal saman med Holtålen.

– Indre Namdal er den regionen i Trøndelag som har dei største distriktsutfordringane å ta tak i. Samstundes har kommunane store mogelegheiter og har lang tradisjon for samarbeid. Ideen til bygdevekstavtalar kan på mange måtar seiast å ha sitt utspring her, og det har vorte jobba godt med konkretisering av piloten som vi no løyver pengar til. Vi håpar dette nye verktøyet kan bidra til å ein ny giv til regionen, seier Gjelsvik.

Sju politikarar
F.v. Stortingsrepresentant Per Olav Tyldum, ordførar i Røyrvik Hans Oskar Devik, statsråd Sigbjørn Gjelsvik, ordførar i Lierne Reidar Bolling Rødli, kommunedirektør i Namsskogan Yngve Holm og Marit Arnstad, parlamentarisk leder for Senterpartiet. Foto: Kommunal- og distriktsdepartementet

Like utfordringar

Rindal og Holtålen har funne saman gjennom like utfordringar, sjølv om de ikkje deler kommunegrense.

– Begge kommunane har store demografiske utfordringar og ønsker å systematisk teste ut tiltak retta mot ungdom og unge arbeidstakarar, og legg også opp til eit spennande samarbeid med SINTEF, seier Gjelsvik.

Etter at regjeringa i juni lyste ut 10 millionar kroner til ei pilotordning for bygdevekstavtalar, kom det inn 25 søknadar frå 63 av landets minst sentrale kommunar.

I søknadane trekkjer Trøndelags-kommunane fram fleire innsatsområde som det kan vere aktuelt å samarbeide om i avtala, som tiltak retta mot unge, rekruttering, tenesteproduksjon, bustadutvikling og frikommuneforsøk.

Utarbeide avtaleutkast

I tida som kjem skal kommunane, med bistand frå fylkeskommunen og statsforvaltaren, utarbeide avtaleutkast. Pilot-kommunane får i første omgang inntil 2 millionar kroner pr. pilot til arbeidet med å utforme avtalane. Deretter skal dei forhandle om sjølve avtalen med staten. Avtalane skal etter planen tre i kraft frå 2024.

– Pilot-kommunane som no er vald ut har spanande tankar kring utviklinga av eigne lokalsamfunn. Eg gler meg til å sjå resultata av det vidare arbeidet, og kva løysningar kommunane kjem med, seier Gjelsvik.

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å styrke satsinga på bygdevekstavtalar med ytterlegare 15 millionar kroner til 25 millionar kroner totalt for 2023.

– Viss budsjettforslaget blir vedtatt i Stortinget vil vi opne for at fleire kommunar kan søke om å inngå bygdevekstavtalar på nyåret, seier Gjelsvik. 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no