Historisk arkiv

Bygg for framtida: Dialog, samarbeid og felles dugnad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei halde på Byggjedagane 11.03.2010.

La meg fyrst takke for invitasjonen til å kome hit og leggje fram nokre tankar for ei av dei viktigaste forsamlingane i norsk byggjenæring.

Berre aktiv handling, også med isolasjonsmatter, kan gje passive og klimavennlege hus.

Før eg går vidare på hovudtemaet, la meg knytte nokre kommentarar til den massive mediedekninga av RIF-rapporten om vedlikehaldstilstanden i Noreg.

Det er inga tvil om at me står overfor utfordringar kva gjeld vedlikehald. Samstundes såg me i 2008 teikn på at tilstanden i kommunale bygg har blitt betre. Etter dette har me hatt tiltakspakka. Han har vore eit stort bidrag til å ta igjen noko av etterslepet. Eg vonar me får sjå gode effektar av denne innsatsen framover.

Pengar er sjølvsagt viktige for å få til godt vedlikehald. Men det handlar også om organisering, langsiktig tenking og medvetenhet om kva god eigedomsforvaltning er.

Her vil byggjenæringa kunne spele på lag med offentlege styresmakter.

For det er to verktøy eg grip til når me saman skal byggje for framtida: Det er – ikkje overraskande -  dialog og samarbeid.

  • Dialog mellom styresmakter og næring.
  • Samarbeid mellom alle dei aktørane som skal til for å reise eit byggverk.

Byggjedagane samlar representantar frå dei fleste av desse aktørane. Det gjer det til ein god arena for dialog og ordskifte.

Eg vil difor nytte høvet til ikkje berre å invitere dykk til dialog med oss på myndigheitssida, men også til ein dugnad.

Ein dugnad for at me skal få ein mest muleg universelt utforma, energieffektiv og miljøvennleg byggmasse i Noreg.

Kort sagt: Ein felles innsats for framtida.

Bygg me fører opp i dag skal ikkje berre møte det vi treng i dag, men også ta omsyn til kva barn og barnebarn vil ha nytte av. Det er næringa si utfordring – og det er utfordringa for bygningspolitikken.
Korleis denne politikken blir utforma er særs viktig fordi den heng saman med ei lang rekkje andre politikkområde.

  • Korleis bygga er utforma avgjer korleis kvardagen vår blir.
  • Bygg me set opp i dag, blir ein del av kulturarven i framtida. Arkitekturpolitikk er ein del av bygningspolitikken.
  • Han vil påverke sosialpolitikken og fordelingspolitikken. Kor mykje det vil koste å bu er avgjerande i så måte.
  • Politikken har mykje å seie for om bygga vil bli tilgjengelege for alle. Bygningspolitikk er også likestilling.
  • Me veit at innemiljø spelar ei stor rolle for folkehelsa og i helsepolitikken.
  • Det er godt dokumentert at bustad- og byggjesektoren påverkar naturmiljø og ressursbruk. Slik blir dette også miljøpolitikk.
  • Bygging krev kapital, og mykje av kapitalen i samfunnet er bunden i byggverk. Kvart år blir det investert omlag 150 milliardar kroner i nybygg og eksisterande bygningar. Ikkje alle fekk merke det i Noreg, men finanskrisa har illustrert samanhenger mellom bygningspolitikk og finans- og kredittpolitikken.
  • Mange menneske har sitt virke i BAE-næringa. Bygningspolitikken heng  saman med sysselsetting og arbeidsmarknadspolitikk, og han er viktig for ei aktiv næringsutvikling i heile landet. 

I kortform kan me seie at bygningspolitikken påverkar både den økonomiske, sosiale og økologiske utviklinga av samfunnet. Han må difor ha eit langsiktig perspektiv.

Dette er bakteppet for den stortingsmeldinga om bygningspolitikken som Regjeringa har vedteke å leggje fram for Stortinget mot slutten av 2011. Det er fyrste gongen ei regjering legg fram ei slik melding.

Denne regjeringa ser at bygningspolitikken er viktig for at me skal kunne nå dei politiske måla me prioriterer høgst.

Skal me få gjennomført naudsynte endringar i byggmassen, som gjev resultat innan nokre år, må me starte no.

Kva er så dei viktigaste utfordringane? Dei samsvarer i høg grad med dei me ser for samfunnet generelt.

La meg starte med demografi, me vil få stadig fleire eldre i samfunnet.

I SSB sine framskrivingar av folketalet kan me merke oss to hovudtendensar.

  • Den eine er at folketalet vil vekse, kanskje til meir enn seks millionar dei neste 50 åra. Me kjem truleg til å passere fem millionar innbyggjarar alt i 2012.
  • Den andre tendensen er at me vil få ei sterk aldring av folkesetnaden.


Talet på personar over 67 år kan bli meir enn fordobla fram mot 2060. Auken kjem i det vesentlege frå 2010 og dei komande 20 til 25 åra.

Auken i folketal kombinert med intern flytting tyder på at det kan bli naudsynt med høg byggjeaktivitet i åra som kjem. Det gjeld både nybyggjing, men også rehabilitering. Då treng me ei oppegåande BAE-næring, som kan gje oss kvalitativt gode bygg.

I Norge universelt utformet 2025, som er Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming, er bygg eit av fire prioriterte område. Uteområde og planlegging er eit anna.

Visjonen om eit universelt utforma Noreg i 2025 er ambisiøs. I dei nye tekniske forskriftene til plan- og bygningslova, som etter planen skal tre i kraft frå 1. juli i år, er krava til tilgjenge skjerpa. Både arbeidsbygg og publikumsbygg skal vere universelt utforma. Regjeringa vil at bygningar som gjeld alle skal vere tilgjengelege for alle. Ingen skal måtte stoppe i døra eller trenge særskilde løysingar for å kome inn eller rundt i ulike delar av slike bygg.

Det kjem også skjerpa krav til bustadbygg. Alle skal kunne bu i ein heim som er tilpassa den einskilde utan å måtte gjere særskilte tiltak.

Mange av oss vil gjennom livet kunne oppleve noko som gjer bustaden vår mindre brukeleg, ikkje minst når me når godt vaksen alder. Skal me møte det auka talet på eldre i samfunnet på ein verdig og samfunnsøkonomisk god måte, må me syte for at folk kan bu heime så lengje dei ynskjer og er i stand til det.

I Oslo kostar til dømes ein sjukeheimsplass i kommunen meir enn 600 000 kroner i året. Offentlege budsjett kan sparast for mange millionar om langt fleire bustader blir universelt utforma. Men viktigast: Dei aller fleste vil bu heime så lengje det er muleg. Det må me som samfunn få til.

Energibruk og energieffektivitet i bygg har vore ein gjengangar i det offentleg ordskiftet dei siste månadene. Denne interessa har bygd opp ein trong for ei brei drøfting av bygningspolitikken i ei stortingsmelding. Ordskiftet har vist samanhengen mellom viktige mål i samfunnet og på dette området. Ein samanheng som kanskje ikkje så mange utanfor næringa og «byggjebyråkratiet» har vore merksam på tidlegare.

Som mange av dykk vil vite, sette eg før jul i fjor ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis me best kan få til meir energieffektive bygg i praksis. Gruppa skal vurdere kva mål me skal setje oss for energieffektiviseringa, og vurdere tiltak og verkemiddel både for nye og eksisterande bygg. Ei målsetjing er å få fram ein plan for korleis me skal trappe opp dei krava me som styresmakter skal sette for auka energieffektivisering i byggsektoren.

Det er mi von at me skal kunne bli samde om ein opptrappingsplan som næringa kan gjennomføre.

Eg gjentek her det eg har sagt tidlegare: Næringa må vere budd på stadig strengare krav til energibruken i bygg. Og kanskje kan me vere meir ambisiøse enn me tidlegare har trudd var muleg.

Me har nyleg fått ein rapport frå Multiconsult, som dei har laga med bistand frå SINTEF Byggforsk. Der blir det vurdert føresetnader, skrankar og om det muleg å innføre krav om passivbygg i forskriftene innan 2020. Rapporten konkluderer med at det er fullt muleg. Han seier også at kravet under visse føresetnader vil kunne bli innført allereie i 2013-2015, og at det kan vere ein føremon om forskriftene stiller krav om passivhusstandard utan å gå vegen om ein opptrappingsplan, slik me tidlegare har tenkt. 3000 passivhus er for tida under planlegging og vurdering, melder Multiconsult-rapporten. Kanskje er det eit teikn på at me kan ta neste steg raskare og lengre enn me trudde for berre eit år sidan.

Eg høyrer framleis mange som åtvarar mot å gå for snøgt fram. Eg kan skjøne at mange vel det kjende og velprøvde framfor det meir ukjende.

Eg har større problem med å akseptere påstandar om at lågenergibygg og passivhus uansett er altfor dyre å produsere - at dei ikkje held mål arkitektonisk, og at dei vil ha dårlegare inneklima enn det me må krevje.

Kanskje skal me spørje oss sjølve om slike synspunkt kan vere tufta meir på fordomar enn på kunnskap.

Løvåshagen i Bergen blei bygd for et par år sidan og blei nominert til Statens byggeskikkpris i 2009. Bustadane i Løvåshagen er passiv- og lågenergihus og er i tillegg også universelt utforma. Dei som kjøpte bustad her, måtte gje omlag 35 000 kroner pr. kvadratmeter. Av 13 prosjekt som blei realisert i Bergen omtrent på same tid, var Løvåshagen tredje best på pris.

Samstundes er straumrekninga for dei som bur her så låg at dei sparer inn omlag ei månadsleige i året samanlikna med andre, nye bustader. Løvåshagen kan vere eit døme på korleis bygg for framtida kan sjå ut.

Multiconsult-rapporten og ein rekkje andre rapportar, mellom anna frå KlimaKur 2020, Lågenergiutvalet og Lågenergiprogrammet, er grunnlaget for det arbeidet Arbeidsgruppa for energieffektivisering no gjer. Når rapporten kjem i juli vil me få sjå om arbeidsgruppa meiner Multiconsult-rapporten har noko for seg eller ikkje.

Eg inviterte dykk innleiingsvis til ein dugnad. Det gjeld sjølvsagt når bygningspolitikken skal bli gjennomført. Me vil få ambisiøse mål for energieffektivisering og eit Noreg universelt utforma innan 2025. Det er dykk i BAE-næringa som må gjere det praktiske arbeidet. Men eg inviterer dykk også til å vere med å lage ei god stortingsmelding om byggjepolitikken. Meldinga skal leggje grunnlag for at næringa kan nå dei måla som blir sett for bygningspolitikken.

Eg er nøgd med at samarbeidet med BAE-næringa er godt. Eg veit at kontakten mellom næringa og våre to underliggande etatar, Husbanken og BE, også er nær og god.

Sidan Økobygg-programmet frå starten av 2000 talet og fram til i dag har me mange døme på vellukka samarbeidsprogram, seinast Byggemiljø, Lågenergiprogrammet og ikkje minst Byggjekostnadsprogrammet.

Arbeidsgruppa om energieffektivisering har med fleire personar knytt til næringa. Saman med direkte dialog mellom oss i politisk leiing i departementet og representantar frå næringa, trur eg me har utvikla ei gjensidig forståing.

Å ha sitt virke i byggjenæringa har alltid vore krevjande. Kryssande omsyn og behov skal bokstaveleg tala finne saman i eit byggverk, som både er kapitalkrevjande og som det tek tid å produsere frå idé til ferdig produkt.

Det blir ikkje mindre krevjande framover. Samfunnet vil forvente auka kompetanse og stadig betre produkt i åra som kjem. Dette er truleg vel så utfordrande for BAE-næringa som for andre. Få næringar er meir komplekse. Det er mange yrkesgrupper og små einingar. Produksjonen skjer tusenvis av stader og skal møte mange ynskjer - til lågast muleg pris.

Å heve kvaliteten er ikkje lett, men ikkje umuleg. Færre byggjefeil må vere eit viktig mål. Eg trur at ein av nøklane til løysing ligg i betre og tverrfagleg planlegging og tettare samarbeid.
Det er eit samspel som må gjelde alle som deltek i gjennomføringa, mellom arkitekt og ingeniør, mellom snekker, elektrikar og røyrleggjar.

Kanskje må me gjere noko med både grunn- og vidareutdanning, og ikkje minst med tilvante arbeidsmetodar. Korleis dette best kan bli gjort må fyrst og fremst næringa sjølv ta tak i.

Eg vil utfordre dykk til å kome med synspunkt på dette og andre utfordringar som bør bli omtalt i den komande stortingsmeldinga. Eg ser fram til eit godt samarbeid.

Så bygg for framtida, og takk for merksemda!