Byggebransjen og NAV skreiv under rekrutteringsavtale

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie var til stades da NAV underskreiv ein historisk intensjonsavtale om rekruttering med Entreprenørforeningen for bygg og anlegg (EBA) for å få fleire i jobb.

Det var NAV-direktør Sigrun Vågeng og administrerande direktør Kari Sandberg i EBA som skreiv under avtalen da partane var samla på anleggsbrakka hjå anleggsfirmaet Betonmast på Økern.

Anniken Hauglie til venstre, Kari Sandberg i EBA i midten og NAV-direktør Sigrun Vågeng til høyre signerer avtale.
Administrerande direktør Kari Sandberg i EBA og NAV-direktør Sigrun Vågeng signerte onsdag 25. oktober ein intensjonsavtale om rekruttering. Signeringa skjedde på brakka til Betonmast på Nybyen Økern. Foto: ASD

– Vi byggjer landet. Men det er frustrerande å sjå at ein stor del av befolkninga står utanfor arbeidslivet, samstundes som vi i bygge- og anleggsnæringa akutt treng folk, sa administrerende direktør i Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA), Kari Sandberg.

Avtale med mål

Auka arbeidsgjevarkontakt er eit av fleire verkemiddel i regjeringas inkluderingsdugnad. Hensikta med den nasjonale avtalen mellom NAV og EBA er at verksemdene i EBA kan få dekka sitt behov for arbeidskraft og at fleire arbeidssøkarar registrert hjå NAV kjem i jobb.  Intensjonsavtalen omfattar samarbeid om rekruttering, inkludering og kvalifisering av arbeidssøkarar. EBA er ei bransjeforening for 245 medlemmar med til saman 25 000 tilsette. Og næringa treng fleire arbeidarar – opp mot 8 000 nye fagarbeidarar årleg. 

Kari Sandberg i EBA og Sigrun Vågeng i NAV saman med lærlingane og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Alle i vernehjelmer og grønt arbeidstøy/vester, stående på byggeplass.
Kari Sandberg i EBA og Sigrun Vågeng i NAV saman med lærlingane og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Foto: ASD

Fleire avtalar

– NAV si hovudoppgåve er at fleire med nedsett arbeidsevne og hol i CV-en kjem i arbeid. Vi har fleire slike avtalar no og målet med dei er å dekkje arbeidsgjevarane sine behov for folk. Vi set pris på at ein stor aktør som EBA ønskjer eit slikt samarbeid, sa NAV-direktør Sigrun Vågeng. Ho la til at det ikkje er eit mål i seg sjølv med mange avtaler, men at kvaliteten på samarbeidet er det viktigaste.

Innlands arbeidskraft

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie gratulerte etter signeringa og sa at ho kjem til å følgje med.

– Vi må bruke dei gode tidene på arbeidsmarknaden til å mobilisere innanlands arbeidskraft. Eg er difor glad for at seriøse verksemder blir med på inkluderingsdugnaden og forpliktar seg til å sjå til NAV først, sa Hauglie.

– Eg vonar fleire arbeidsgivarar ser at det kan vere lurt å kika til NAV før dei ringer utanlands. Vi har óg lagt mange nye verkemiddel på bordet, så her er mykje god hjelp å få.

Frå venstre: Yngve Sagstad Gunneng, Hans Yoan Krydsby, Anniken Hauglie og Celinda Bailey. Alle i grønne arbeidsklær/vester og vernehjelm, stående på byggeplass.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie møtte tre av lærlingane som jobbar i Betonmast. Frå venstre: Yngve Sagstad Gunneng, Hans Yoan Krydsby og Celinda Bailey - som nyleg blei ferdig som betonglærling. Foto: ASD
Til toppen