Historisk arkiv

Cecilie Nilsen er Årets unge bonde 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Cecilie Nilsen, 31 år frå Lista i Vest-Agder er Årets unge bonde 2017. Kåringa fann stad under Ung Bonde-samlinga i Lillestrøm i dag. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer.

– Norsk matproduksjon treng unge dyktige bønder som tør å tenke nytt, utnyttar ressursane på garden, stiller høge krav til kvalitet og satsar på landbruket. Årets unge bonde er innovativ og nyskapande. Ho har ein einskapleg tangegang rundt gardsdrifta og har mange jern i elden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Cecilie Nilsen gjekk heilt til topps og stakk av med den gjeve tittelen Årets unge bonde 2017.
Cecilie Nilsen gjekk heilt til topps og stakk av med den gjeve tittelen Årets unge bonde 2017. Foto: Svein Dybdahl/JCP Nordic.

Cecilie Nilsen har ei mangfaldig satsing på garden. Ho driv med kjøttproduksjon frå storfe og er i ferd med å starte kjøttproduksjon frå alpakka. Nilsen sel garn og andre alpakkaprodukt frå eigen nettbutikk. I tillegg til å vere bonde er vinnaren også mor til fire barn, musikar, journalist og produktutviklar.

Juryen si grunngjeving

Vinnaren av Årets unge bonde er oppteken av dyrevelferd og at norske bønder skal levere trygg og god mat. Cecilie Nilsen har eit berekraftig fokus og har tydelege planar for korleis ein skal få mest mogleg ut av dyra på garden. Ho peikar seg ut som ein  dyktig formidlar og promoterer landbruket aktiv gjennom bruk av digitale og sosiale kanalar. Nilsen evnar å skape engasjement for landbruket, og er ein god ambassadør for næringa generelt og kvinner i landbruket spesielt. Cecilie skapar spennande produkt og merkevarer som er unike, tidsriktige og framtidsretta. 

Mange verdige kandidatar til Årets Unge bonde

Rekordmange unge bønder vart i år nominert til årets unge bonde. Blant 453 kandidatar blei fem finalistar stemt fram. Juryen har spesielt lagt vekt på ein framtidsretta og innovativ matproduksjon når dei har kåra Årets unge bonde i år.  Årets unge bonde vart kåra for åttande gong i dag, og konkurransen er ein del av rekrutteringskampanjen "Grøn utdanning". Målet er å lyfte fram eit sunt førebilete som kan inspirere fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk.  Det er berre bønder under 35 år som deltek i kåringa.