Historisk arkiv

CO2-handtering: Overlevering av idéstudien om moglege fullskalaprosjekt i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Gassnova overleverte 4. mai 2015 utgreiing av moglege fullskala CO2-handteringsprosjekt i Noreg til departementet. Idéstudien viser at fleire industrielle aktørar kan vere villige til å studere CO2-handtering vidare. Dei industrielle aktørane si interesse for å delta i eit CO2-handteringsprosjekt avheng av kva rammer som blir etablert frå statens side.

- Gassnovas idéstudie viser at det kan vere mogleg å realisere ambisjonen vår om eit fullskala demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering i Noreg, seier olje- og energiminister Tord Lien. Vi vil no gå nøye gjennom rapporten og vurdere korleis vi skal følgje opp innspela frå industriaktørane og Gassnova sine anbefalingar.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst innan 2020. Denne ambisjonen er også ein del av regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering som vart lagt fram i OEDs Prop. 1 S (2014-2015). Idéstudien som vart overlevert mandag er eit viktig steg på vegen mot realisering av fullskala CO2-handtering i Noreg.

Med framdriftsplan som skissert i Gassnovas idéstudie vil eit grunnlag for investeringsavgjerd for eit CO2-handteringsprosjekt tidlegast kunne bli lagt fram hausten 2018. Dette inneber at det vil vere svært krevjande å realisere fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg innan 2020. Regjeringa vil no gå gjennom idéstudien og anbefalingane i denne, og orientere Stortinget i statsbudsjettet for 2016.  

Les heile samandraget av idéstudien her.

Mandat for arbeidet med idéstudien.