Historisk arkiv

CO2-handtering: Statssekretær Tybring-Gjedde på Milestone Mongstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde i Olje- og energidepartementet talte på den årlege internasjonale konferansen om CO2-handtering (CCS), Milestone Mongstad i Bergen 10. mai.

- Skal vi nå klimamåla, er CO2-handtering naudsynt teknologi. CCS er ein av fem nøkkelområde i regjeringa sin klimapolitikk. Arbeidet på TCM har gitt målbare resultat og syner blant anna kor viktig det er med internasjonal samarbeid på dette området, seier statssekretær Ingvild Smines Tybring-Gjedde

Ho besøkte nyleg eitt av dei første fullskala CCS-prosjekta i verda, Petra Nova utanfor Houston i USA.

Milestone Mongstad presenterer resultata frå testaktivitetane på Teknologisenter Mongstad (TCM), samlar ekspertise og fagmiljø innan CO2-handtering frå heile verda og er ein viktig møteplass. TCM, som er verdas største demonstrasjonsanlegg for uttesting av teknologi for CO2-fangst, har vore i drift sidan 2012. Dei ulike testkampanjane ved anlegget har levert viktige resultat for å ta i bruk CO2-fangstteknologi. For tida er ei ny kampanje med selskapet Shell Cansolv under oppstart.

Regjeringa har sett i gang utgreiingar av moglegheitar for fullskala CCS-prosjekt i Noreg, i samarbeid med Gassnova, Gassco og Statoil. Moglegheitsstudiene, ser på både fangst, transport og lagring av CO2 og vil leverast 1. juli.

Les meir om TCM på senteret på deira nettsider.

(Ingvil Smines Tybring-Gjedde snakkar på konferansen, foto: TCM)