Historisk arkiv

Første omgang ELN-forhandlingar avslutta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Første runde i fredsforhandlingane mellom den colombianske regjeringa og ELN-geriljaen er nå avslutta.

- Det partane har blitt samde om er små, men viktige steg mot det vi håpar endar i ein fredsavtale. Vi skulle gjerne ha sett at dei hadde kome enno lenger i denne runden, men det viktigaste er at partane har ein god dialog og byggjer den tilliten som trengst for å diskutere dei vanskelege spørsmåla, seier statssekretær Marit Berger Røsland.

Regjeringa og ELN-geriljaen har sidan 7. februar sete ved forhandlingsbordet i Ecuador. ELN er den nest største geriljarøyrsla i Colombia. Den største er FARC-geriljaen, som inngjekk ein fredsavtale med regjeringa i fjor og som er i gang med å leggje ned våpna.

Første forhandlingsrunde mellom den colombianske regjeringa og ELN i Ecuador vart avslutta med ein pressekonferanse torsdag 6. april. Juan Camilo Restrepo (til venstre) og Pablo Beltrán (til høgre), delegasjonsleiarar for høvesvis regjeringa og ELN. I midten Juan Meriguet, Ecuador sin representant i forhandlingane. Foto: Ecuadors UD

Partane har i denne første runden blitt samde om køyrereglar for forhandlingane og ramma for dei vidare diskusjonane om humanitære tiltak som kan bidra til å senke konfliktnivået. Dessutan har partane hatt omfattande diskusjonar om korleis det colombianske samfunnet skal delta i forhandlingane.

Norge er garantistland i fredsforhandlingane med ELN, slik Norge og var i FARC-forhandlingane.

Neste runde i forhandlingane tek til 3. mai.