Historisk arkiv

Høyring om å forlenge mellombels lov om innreiserestriksjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å forlenge midlertidig lov om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen. Forslaget er no sendt på høring.

Innreiserestriksjonslova gjeld i utgangspunktet fram til 1. desember 2021. Departementet foreslår å forlenge lova til 1. juli 2022. Forlenging av lova inneber ikkje i seg sjølv at dei faktiske restriksjonane vil bli forlenga. I seinare månader har restriksjonane gradvis blitt lempa, og intensjonen er at denne utviklinga skal halde fram til restriksjonane er avvikla i sin heilskap. Innreiserestriksjonane skal til ei kvar tid ikkje vere strengare enn kva som er naudsynt og forholdsmessig. Forlenging av lova er likevel naudsynt for å ha moglegheit for innreiserestriksjonar også etter 1. desember 2021.  

Føremålet med innreiserestriksjonane er å avgrense retten til innreise for utlendingar som elles ville ha høve reise inn i Noreg, når det er naudsynt for å trygge folkehelsa under utbrotet av covid-19. Innreiserestriksjonar er og har vore sentrale for å motverke import av smitte. Sjølv om vaksineringa av folkesetnaden har kome langt, er koronaviruset framleis ein trugsel mot folkehelsa. Det er stor usikkerheit rundt pandeminen si vidare utvikling i Noreg og i verda elles. Dette er særleg knytt til at vaksinasjonsgraden er låg i mange land, og til faren for nye og farlegare virusvariantar.

Departementet har også vurdert, men foreslår ikkje, å forlenge mellombelse reglar i utlendingslova om sakshandsaminga i Utlendingsnemnda (UNE) under utbrotet av covid-19. Reglane gjeld mellom anna bruk av fjernmøte, og har som føremål å unngå at nemndmøte må utsetjast som følgje av pandemien. Departementet har kome til at det ikkje er naudsynt å foreslå forlenging av desse reglane, som sluttar å gjelde 1. desember 2021.

Høring - Forlengelse av midlertidig lov om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen