Historisk arkiv

Kva er Noregs forhandlingsstrategi og mål for klimakonferansen?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Tale til Liberale Studentar på NMBU på Ås 29. november 2018. Tema: Noregs forhandlingsstrategi og mål for klimakonferansen i Katowice 2018.

Først vil eg takka for invitasjonen. Eg er veldig glad for å kunna møta så mange engasjerte studentar her på Noregs miljø- og biovitenskaplege universitet. Det er få andre tema som er meir aktuelle akkurat no enn miljø og klima. For om berre tre dagar set dei internasjonale klimaforhandlingane i gang i Katowice. Polens utanriksminister har oppsummert dei kommande forhandlingane godt på Twitter:

We are aware that @COP24 is a major challenge in terms of its content. It is in #Katowice that a full package implementing the Paris Agreement is scheduled to be adopted.

Før eg utdjupar innhaldet i desse 140 teikna, må vi starta i ein annan europeisk by; nemleg Paris.

Frå Paris til Polen

  • Som de veit vart all land i verda samde om Paris-avtalen i 2015. Det er den første rettsleg bindande klimaavtala med reell global deltaking frå alle land.
  • Alle land har plikter og rettar i den nye avtalen, og alle land skal ha utslippsmål og rapportera på dei.
  • Avtalen bidreg til auka innsats for utslippsreduksjonar, og forsterkar arbeidet med klimatilpassing. Utviklingsland skal få støtte til dette.
  • Den gjev ei klar retning for framtidig klimaarbeid og inneheld avgjerder som gjer at innsatsen vil styrkjast over tid.
  • Paris-avtalen var eit vendepunkt i internasjonale klimaforhandlingar, og ein vart samde om ein nedanifrå-og-opp-tilnærming. Land avgjer sjølv dei nasjonale bidraga sine til det overordna, felles målet om å avgrensa den globale oppvarminga til «godt under 2 gradar». Det inneberer at utslippsmåla kan vera ulike, men må kunna summerast på grunnlag av eit felles regelverk.

  • Sidan 2015 har partane jobba nettopp for å utarbeida eit slikt felles regelverk, og det er det ein ynskjer å vedta i Katowice.

Noreg vil ha eit robust og effektivt regelverk felles for alle land.

  • Det trengst blant anna rettleiing for korleis utsleppsmåla skal verta forståelege og reglar for korleis landa skal måle og rapportere klimagassutslepp, og reglar for kva som skjer viss eit land ikkje følgjer opp forpliktingane sine. Det er òg viktig å få på plass gode regler for klimatilpassing og støtte til utviklingsland.

  • Mykje arbeid står att, og partane har lita tid. Noreg skal vera aktiv og konstruktiv i forhandlingane og samarbeide både med utviklingsland og andre utvikla land for å oppnå eit robust, effektivt og felles regelverk.

  • Eit vanskeleg punkt i forhandlingane har vore at nokre store utviklingsland ynskjer å halda på eit regime med heilt ulike regler for industriland og utviklingsland, slik det er i Kyotoavtalen. Dette er vanskeleg å godta sidan det bryt med Paris-avtalens tilnærming om at alle land skal bidra etter evne.

  • Auka klimafinansiering til utviklingsland er svært viktig for å sørge for effektiv gjennomføring av Paris-avtalen. Solid regelverk på dette området vil leggje til rette for klimatiltak og for auka ambisjon. Dette har òg vore ei vanskeleg sak i forhandlingane om regleverket. Det er viktig å finne ei løysing som gjev meir og betre informasjon om klimafinansiering.

Eit godt regelverk er òg viktig for å sikre openheit, tillit og tilrettelegging for auka ambisjonar. Regelverket må sikre at alle viser kva dei har tenkt å gjere – og om det blir gjort. Regelverket skal byggja tillit mellom land, men òg overfor eigne innbyggjarar. Dårleg regelverk kan gjere at Paris-avtalen over tid får mindre å seie.

I Katowice vert det òg ein viktig diskusjon om korleis ambisjonane kan aukast.

  • Allereie i Paris visste vi at måla i landa var utilstrekkelege for å nå det overordna temperaturmålet. Difor har avtalen ein dynamikk der alle land kvart femte år skal melde inn oppdaterte mål som viser auka ambisjonar.   Neste gong mål skal meldast inn er i 2020.

  • 1,5-gradersrapporten frå FNs klimapanel understrekar at alle må gjera meir og det må skje raskt, og at utsleppa i verda må halverast innan 2030 .

Den norske regjeringa følgjer opp klimamål og bidreg til grøn omstilling:

  • Noreg skal redusera utsleppa med 40 prosent innan 2030 samanlikna med 1990. Dette målet har vi meldt inn under Paris-avtalen. Vi arbeider for å gjennomføre målet saman med EU som har tilsvarande mål. Vi har laga ein strategi som viser korleis målet kan nåast. Noreg skal verta eit lågutsleppssamfunn i 2050, og måla er lovfesta i klimalova.

  • Noreg er i gang med forhandlingane med EU om felles oppfylling av utslippsmålet for 2030 . Vi har ein god dialog. Ambisjonen er å verte samde om hovudprinsippa før klimatoppmøtet i Katowice – dette håpar vi skal gå.

  • 2030-målet er eit ambisiøst og rettferdig bidrag til dei globale utsleppsreduksjonane ut frå kva som er naudsynt for å no 2-gradersmålet. Når vi skal vurdere å skjerpe vårt utslippsmål i Paris-avtalen i 2020, må vi no vurdere det i lys av 1,5-gradersrapporten.

Handling vert kravt både i Katowice, dei næraste 12 åra og etter 2030

  • 1,5-gradsrapporten frå FNs klimapanel er tydeleg i konklusjonen sin: Sjølv ei global oppvarming på 1,5 grad kan ha alvorlege konsekvensar. Alle må gjera meir og det må skje raskt med halvering av utslipp innan 2030 . Det er berre 12 år til.

  • Difor er møtet Katowice så avgjerande og viktig. Det vil gje retning til korleis ein kan følgje opp Paris-avtalens felles målsetting om den globale oppvarminga skal hamne "godt under 2 gradar". Og det vil gje kjøt på beina til Paris-avtalen som er det internasjonale rammeveket for å no temperaturmålet.

  • Noreg skal delta aktivt i forhandlingane for å få eit godt resultat.