Historisk arkiv

CORE Toppleiarbarometer får støtte til å også omfatte innvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa aukar tilskotet til CORE Toppleiarbarometer med 500 000 kroner for å måle representasjon av leiarar med innvandrarbakgrunn i tillegg til kjønn.

– Arbeidslivet skal spegle befolkninga i samfunnet, og vi må dessverre erkjenne at det ikkje er slik i dag. Endring krev kunnskap, og det skal vi no skaffe. CORE Toppleiarbarometer gjer ein kjempejobb med å følge utviklinga av kjønnslikestilling i toppen av næringslivet, og no er eg glad for å også gi dei oppdraget med å måle leiarar med innvandrarbakgrunn, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer over 18 prosent av Noregs befolkning. Men tal frå SSB viser at berre 8,4 prosent av leiarar i Noreg har innvandrarbakgrunn.

CORE- Senter for likestillingsforsking har derfor fått oppdraget med å utvide CORE Toppleiarbarometer til å vise kor mange leiarar med innvandrarbakgrunn det er blant topp- og mellomleiarar. Tilskotet til CORE aukar med kr 500.000 i 2020 til dette.

– Eg er viss på at mangfald løner seg både for oss som arbeidstakarar, for kundar og brukarar av tilbod. Innspel og erfaringar frå ulike ståstader gjer oss betre.  Eg er sikker på at leiargrupper som er sett saman av menneske med ulike bakgrunn og kompetanse løner seg, og for å kome dit må vi finne meir ut om korleis landskapet ser ut, avsluttar Raja. 

CORE er ein del av Institutt for samfunnsforskning og er finansiert av Kulturdepartementet. Senteret forskar på kjønnslikestilling, med særleg vekt på likestillingsutfordringar i arbeidslivet og samspelet mellom familie og arbeidsliv. CORE Toppleiarbarometer blir gjennomført annakvart år, den siste versjonen blei publisert i 2020.