Presseinvitasjon:

CWD – uttak av villreinstammen i Nordfjella

Torsdag 15. juni har landbruks- og matminister Jon Georg Dale møte med Mattilsynet og Miljødirektoratet, og tar imot deira tilråding for korleis villreinstammen i Nordfjella skal tas ut.

Tid: Torsdag 15. juni kl. 0930-1100
Stad: Landbruks- og matdepartementet sine lokaler, R6, Teatergata 9, Oslo

Det blir høve for intervju etter møtet. Vi ber om at presse møter opp seinast kl 10:45.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har slutta seg til Mattilsynet si tilråding om å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella sone 1 for å gjere det ein kan for å nedkjempe skrantesjuke (CWD). Mattilsynet i samarbeid med Miljødirektoratet har no utarbeida ein konkret plan for uttaket, som skal vere gjort innan 1. mai 2018. Torsdag 15. juni legg dei fram planen for statsråd Dale.

Pressekontakt for landbruks- og matminister Dale: Kommunikasjonsrådgjevar Astraea Antal, mobil 93431930