Historisk arkiv

Dale ber Omsetningsrådet om å rydde opp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale reagerer på at det har foregått eksport av norsk sauekjøt med betydleg prisreduksjon, mellom anna til eit av verdas fattigaste land, Afghanistan. Dale har i dag hatt møte med Omsetningsrådet for å få ei orientering om saka.

– Eg registrerer ein auke i eksporten av saue- og lammekjøt i ein situasjon der Omsetningsrådet har nytta pengar til å skrive ned prisane i Noreg, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Det er galt å eksportere subsidiert norsk kjøt til fattige land. Eg har difor spurt Omsetningsrådet om denne eksporten er i tråd med eige regelverk og med handelspolitiske omsyn, seier statsråden. Eg har vidare bedt Omsetningsrådet vurdere korleis rådets regelverk kan strammast inn og kontrollerast, og om beløpet som er utbetalt bør krevjast tilbake. Rådet har fått frist til 14. november med å svare på dei spørsmåla eg har stilt, seier Jon Georg Dale. 

Leder i Omsetningsrådet, Bjørg Tørresdal og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Leder i Omsetningsrådet, Bjørg Tørresdal og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

På eit møte 1. februar i år auka Omsetningsrådet  godtgjeringa for frysefradrag for saue- og lammekjøt til marknadsregulatoren Nortura. Slakt som har vore på fryselager har ein noko anna nytte enn ferskvare. For å kompensere for dette blir det gitt prisreduksjon for frosen vare, såkalla frysefrådrag, når dette blir kjøpt frå reguleringslager.

I møtet 1. februar vart det vedteke å auka godtgjeringa frå forslaget om 25 prosent av engrospris til 30 prosent av engrospris. Normalnivået er på 15 prosent av engrospris. 

Fra dagens møte.
Fra dagens møte. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Etter møtet.
Foto: Landbruks- og matdepartementet