Dale hjå Animalia

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vitja Animalia for ein gjennomgang og orientering om verksemda. Tema var m.a. forbrukerkrav, nye krav til dyrevelferd, kjøt og helse, kunnskap som skal gi betre lønsemd for bonde og industri.

Det var omvising i Animalia sitt velutstyrte pilotanlegg for forsøksbasert kjøtskjæring, der det blir skore om lag 170 storfe og 2000 gris og ein del småfe pr. år. Her hadde formann Jan Gunnar Berg (t.h.) og Jon Georg Dale mykje å snakke om.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vitja Animalia for ein gjennomgang og orientering om verksemda.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vitja Animalia for ein gjennomgang og orientering om verksemda. Foto: Ståle Norang/Landbruks- og matdepartementet