Dale i Møre og Romsdal tirsdag 1. november

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitjar Møre og Romsdal tirsdag 1. november. Dale skal mellom anna innom Romsdal vidaregåaende skule, høyre om forskingsprosjektet Drainimp og vitje produsentar og styreleiaren i Tyr.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitjar Møre og Romsdal tirsdag 1. november. Han har følgjande program:

Kl 09.30  Romsdal vidaregåande skule, Molde
Nye Romsdal vidaregåande skule blir det til no største bygget i massivtre oppført i Noreg. Bygget er under oppføring. Det blir synfaring på byggeplassen, og orientering om røynslene med massiv tre som byggemateriale. 
Kl 10.30  Forskingsprosjektet Drainimp
Dette er eit prosjekt i Fræna for å måle effekten av omgraving på utslepp av klimagassar frå myr. NIBIO, NMBU, Norsøk og Landbruk Nordvest deltek i prosjektet. Dersom omgraving (dvs. legge mineraljord frå undergrunnen som eit lokk over myr) kan redusere utslepp av klimagassar er det eit viktig innspel i debatten om jordbruk og klima.

Orientering om prosjektet blir gitt i auditoriet på Romsdal vidaregåande skule.

Kl 12.05  Rabben gard Arnfinn Gustad og Asbjørg Ingeborgvik 
Kjøttproduksjon storfe (oksar) 150 dyr og 100 sau. Garden har hestar, som vert nytta i rideopplæring.
Kl 13.25  Bjarmars favorittkro
Lunch og informasjon om staden og Nofence beiteteknologi.
Kl 14.45  Besøk hos Leif Helge Kongshaug, Averøy
Styreleiar i Tyr, Norsk storfekjøttproduksjon. http://www.tyr.no
Kl 16.45 Besøk hos Hilmar Kleppe og Jorunn Kvernen, Frei 
Nytt sauefjøs i 2014. Hilmar Kleppe er leiar i Møre og Romsdal Sau og geit.

Media er velkomen på alle programpostar.

Lokal kontakt:
Frank Madsøy, mobil 971 71 493

Kontakt for landbruks- og matministeren:
Heidi E. Riise, mobil 975 17 227